.
.
.
.
........
Framsida  
Kart  
Foto  
Natur  
Næringsliv  
Aktivitetar  
Tilflytting  
Prosjekt  
Skulen/grendahus  
Aktuelt  
Gjestebok  
Kontakt  
Lenkjer  

.......

..... Næringslivet på øya

Landbruk
Frå gamalt av var det mange gardsbruk på øya, der ein dreiv med både kyr og sauer, gjerne i kombinasjon med fiske. Desse vert ofte kalla fiskarbønder, og her var det konene som hadde hovudansvaret for gardsdrifta, mens mennene dreiv fiske. Dei største gardane var på indre og ytre Reksta, medan det i Rognaldsvåg var mindre gardsbruk.

I dag er det berre 7 gardar i drift, to drive med ammekyr i tillegg til sauer, medan resten har berre sauer. Jorda på Reksta er i hovudsak myrjord, og beita er lyngheiar.
...
.
.

Fiske

Fiskeri spelar naturleg nok ei viktig rolle på desse øyane som ligg nært dei gode fiskefelta. Midt på både 18- og 1900 talet var sildefisket særs godt, og både Flora kommune og Reksta/Rognaldsvåg vart prega av dette.

I dag er dei fleste fiskarane på øya tilsette på større fiskebåtar, men her finns enno nokre få sjarkfiskarar i distriktet.

På nordsida av Reksta er det eit moderne anlegg for laks- og ørretoppdrett. På Tofta i Rognaldsvåg kan fiskarane levere fangsten som er til dømes hummar, lange, torsk eller lyr.
.....
...
...
Butikken
Midt i Rognaldsvåg ligg landhandelen Ditlef Sunde ANS. Butikken har vore driven av familien Sunde sidan 1893, og er ein tradisjonell landhandel, der du kan kjøpe ”det meste”. Kundegrunnlaget er husstandane på øya, men dei sender og ein del varer til naboøyane. Turistsesongen er avgjerande for at ein butikk skal klare seg på ein så liten plass. På butikken har dei ein kafékrok der du alltid kan få deg ein kopp kaffi og slå av ein prat.
.
Posten
Reksta og Rognaldsvåg har i mange år hatt eige postkontor med sortering, postboksar og levering med bil til husstandar utanfor sentrum i Rognaldsvåg. Dei siste åra har denne ordninga blitt erstatta av landpostbod, der alle får posten i kasse ved huset. Kontoret er opent når båten frå Florø kjem med dagens post og aviser. Ein kan framleis kjøpe frimerke og gjere enkle inn- og uttak i postbanken. 
.....
.
Fiskeopdrett
På nordsida av øya ligg det lokale fiskeopdrettet. 
.
.
.
.

Honning
Ingrid Reksten er småbrukar og birøktar på øya. Ho har ca 30 tusen overvintrande bier og om lag det dobbelte om sommaren. Det er mykje røsslyng på øya, og den er spiskammeret til biene -  ei god kube kan innehalde 25-30 kilo honning. - Å drive med honning på Reksta er veldig arbeidsbesparande. Her står kubene i matfatet heile året, fortel Ingrid. Ho sel honningen til folk på øya og bekjente andre stadar, til 100,- pr. kg. Ved sidan av gardsdrift, har ho holdt på med bier sidan år 2000.
......

.