|
Her
på øyane er det fint turterreng som passar for alle. Ein kan ha
med seg sykkel og sykle den omlag 6 kilometer lange asfalterte
vegen, eller ein kan gå fine turar langs sjøen, og finne seg ei
lun vik å raste i. For dei sprekaste er det tre fjelltoppar å
velje mellom. Frå Storefjellet har ein fin utsikt mot aust og nord,
og på nordsida finn ein og ei trollhole i fjellet - her bør ein ha
med lys og tau. På indre Reksta er det eit vatn på fjellet, og her
i frå kan ein nyte utsikta i alle retningar. |
....... |
I
Rognaldsvåg finn ein det bratte og spisse Harefjellet, her er det
ein varde med bok i, og her nyt ein den vidåpne utsikta vest i
havet. På Kinn finn ein den karakteristiske Kinnaklova som kan vere
vel verdt eit besøk. Der ser ein hav så langt auget kan nå.Rundt
øya er det mange gode fiskemuligheiter, og dei fleste på øya har
eigen båt slik at dei held seg med "husfisk". Om sommaren/hausten
blir det fiska mykje krabbe og hummaren er ein flittig gjest i
teinene utpå hausten/vinteren. |
|