.
.
.
.
........
Framsida  
Kart  
Foto  
Natur  
Næringsliv  
Aktivitetar  
Tilflytting  
Prosjekt  
Skulen/grendahus  
Aktuelt  
Gjestebok  
Kontakt  
Lenkjer  

.......

Aktuelt

.
.
.
.
.
.
.
Historisk dyretransport
24.09.08 kom Nortura til Rognaldsvåg for å hente dyr til slakting. Dei hadde med ein kjempestor dyretransportbil, og det vart levert 10 storfe og ca 40 lam og sauer. For å få de til leigde dei Tansøy til ekstratur – dette er historie. Slik vart det ein veldig komfortabel måte for dyra å reise på. Dei blir mindre stressa i ein slik stor bil enn når dei vert frakta i små kassar som blir heisa om bord.
..
.
.
Årsmelding
Bygdelaget Havglimt har hatt årsmøte, og Årsmeldinga for 2007 kan du lese her.
.
.
.
.
Ullkurs
Lørdag 2. februar heldt Sonja Owesen og to veninner ullkurs i skulehuset. Der fekk 10 damer lære å stikke ull, og produksjonen av nissar og hjerter var imponerande. - Dette var veldig kjekt, seier Mary Meek Pedersen, som var ein av dei ivrige deltakarane.

.
..
.
Tenning av julegran
Kvar desember brukar folk å samle seg ved butikken i Rognaldsvåg for tenning av julegran. Treet vert pynta med lys og bolta godt fast i bakken så det ikkje skal blåse vekk i storm og kuling. Når grana er tent går ein gjerne inn i kaféen for litt førjulskos. Der blir det servert gløgg og pepperkaker, og kanskje blir det sunge ein trall for og av dei oppmøtte. Bileta her er teke under tenninga i 2007.
.............
.
.
..
.
Hjortejakt
Kvar haust vert det jakta på hjort både på Indre- og Ytrereksta. Det varierar noko kor mange dyr ein har løyve til å felle. Fellinga skjer for det meste på fjellet, men det hender jegerane er heldige og får ein bøtjuv. Bileta viser jakta i 2007 der ein spissbukk vart skoten ved Likkjevatnet, midt
.oppe på fjellet.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

Jakten på kjærligheten

I 2007 sesongen av Bonderomantikk på TV2 hadde vi med ein sambygding som kjærleikssøkande bonde. Ingrid Reksten vart plukka ut som ein av dei 8 bøndene vi kunne møte på skjermen. Ho fekk besøk av tv-team og Katrine Moholt, og dei var alle svært begeistra for både Ingrid og naturen på Reksta. Ingrid fekk 8 brev frå interesserte menn, det haldt desverre ikkje til å bli med vidare i programmet. Ho fekk likevel vist seg fram, og påstod ho stilte opp delvis for å lage god reklame for øya.
..
.
.
..
.
.
.
Utstilling på kaféen i butikken
Sommaren 2007 vart det hengt opp bileter av freelance fotografen Borgni Reksten. Ho har tidlegare gått eit år med fotografi som fag på folkehøgskule, og ho har studert foto i England. Utstillinga bestod av fargerike fotografi med varierande innhald. Bileta kan kjøpast for kr 300 pr stk. hos kjøpmann på butikken, Hans Jakob Sunde.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

Familiedag i Rognaldsvåg

I mai 2006 vart det arrangert familiedag i Rognaldsvåg. Mange møtte opp og kosa seg i finvéret, og dei minste fekk gå på skattejakt på Grisholmen. Det var stor stemning og mange skattejegarar på tokt.
......

Foto: Ingrid Reksten
Foto: Mary Meek Pedersen
.

Foto: Ingrid Reksten

Foto: Ronald Toppe
.
..


Foto: TV2

.

.......................................Foto: Kjersti Knutsen
.

Foto: Ingrid Reksten
.....................................................

.