.
.
.
.
........
Framsida .
Kart .
Foto .
Natur .
Næringsliv .
Aktivitetar .
Tilflytting .
Prosjekt .
Skulen/grendahus .
Aktuelt .
Gjestebok .
Kontakt ..
Lenkjer
.
..
..
..
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

.........

.
.
.
.
.
.

Foto: Borgni Reksten

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.


Foto: Borgni Reksten

Aktivitetar

Bygdelaget ynskjer å skape samhald og trivsel i bygda og arrangerar difor sosiale aktivitetar for heile familien. Fleire aktivitetar vert arrangert fast kvart år, noko som mange set pris på.

Påsketrim
Bygdelaget Havglimt og Ytterøyane 4H, arrangerer årleg trimtur til Likvika på skjærtorsdag. 4H klubben set opp natursti frå Rognaldsvåg som følgjer vegen inn til vika, der Ingrid og Ottar sit klare med grillklart bål og kaffi. Dette er ein koseleg tradisjon som både små og store er med på.

Fest og basar i skulehuset
Nokre gangar i året brukar bygdelaget å arrangere basar. Det er gjerne i samarbeid med skulen, slik at elevane lagar litt underhaldning. Elles er det servering av rundstykker, kaffi og kaker, og så er det åresal og trekking frå bok. Basarane samlar store og små til sosialt samvær, og det vert høg stemning i skulehuset.

Sirkeltrening
Kvar mandag er det trim i skulehuset i Rognaldsvåg. Sirkeltreninga er open for alle og kvar enkelt styrer tempo på si eiga trening - Slik at ein konkurrerar berre mot seg sjølv.

17. mai
På 17. mai byter Bygdelaget og skulen på å arrangere 17. mai-fest i skulehuset. Dagen vert feira med tradisjonelt 17. mai tog, leikar for store og små, og middag, kaker brus og is!!! Det finnast ikkje noko korps i Rognaldsvåg, men det har blitt leigd inn i frå Florø nokre få år, elles så må ein stå for liv og røre i toget sjølv.

Harefjellet
På toppen av Harefjelet i Rognaldsvåg ligg det ei bok i ein varde. Der kan ein skrive inn namnet sitt for kvar gong ein har klatra seg opp fjellsida. Kvart år vert det delt ut premie til den ivrigaste turgåaren og til tilfeldig trukne namn. Dette er ein fin motivasjon for å få folk ut i naturen og opp på fjellet.

Kor og konsertar
Blandakoret Havglimt underheld ved ulike arrangement. Dei satsar mest på lokale songar og har øvingar i nokre helgar. Holger Aasen er musikalsk leiar. Dei 12-15 medlemmane i koret legg vekt på å ha det artig, og kosar seg med song og sosialt samvær. 

..