| ...... |
| . |
..... |
|
|
|

Foto: Mare TV, Tyskland
|
|
Velkommen
til dei nye nettsidene til Bygdelaget Havglimt. Vi er no i ein
overgangsfase, og dei nye sidene er ikkje heilt ferdige. Dersom du
har bilete som skulle vore presentert her, eller info om noko som
kunne passe inn, send det gjerne til : borgni@gmail.com
Dei gamle
sidene finn du her.
Bygdelaget Havglimt er ein medlemsorganisasjon for innbyggarane på
øyane Reksta og Kinn, som ligg vest i havet i Flora kommune.
Bygdelaget Havglimt arbeider for trivselen i bygda, og har lokale i
sambruk med Rognaldsvåg skule. Her går alle store arrangement av
stabelen, slik som 17. mai feiring, sommardansar, basar og julemesse. |
..................... |
| . |
|
| Øya Reksta ligg
8 km
vest av kystbyen Florø, i Sogn og Fjordane. Den 5,7km2 store øya
er langstrakt og har om lag
6 kilometer
asfaltert bilveg. Reksta ligg sentralt i øysamfunnet og med båt-taxi
tek det om lag 15 minutt å reise til flyplassen. Fly brukar 1 time
til Oslo, og det er selskapet DAT som står for den trafikken. |
|
Rognaldsvåg som ligg lengst vest på øya har mange
sentrumsfunksjonar som butikk, ekspedisjon, rutekai, post og skule.
det er i Rognaldsvåg dei fleste på øya er busett og til saman er
det 120 inbyggarar på øya. Den vanlege passasjerbåten er Dagning,
som brukar 30 minutt til Florø, og er innom dei andre øyane i området.
Frå og med desember 2007 går det bilførande rutebåtar slik at
reisande kan ta med seg bil og anna gods fram og attende til
fastlandet. Mange fastbuande brukar rutebåten når dei pendlar til
Florø for å gå på arbeid og skule.
Kinn ligg 2 minutt med båt frå Rognaldsvåg - enda lenger
vest i havet. Her er det 10 fastbuande og eitt småbruk er i drift.
Mykje av arealet er utmark som blir brukt til sauebeite for bønder
frå andre øyar, særleg Askrova. Kinn er særleg kjend for den
gamle steinkyrkja som vart bygd der på 1100-talet. Det
tradisjonelle seglingsmerket Kinnaklova er óg med på å skape
trolsk stemning og historisk sus over øya. |
..... |

Foto: Kjersti Knutsen
|
|